Den femte spansklærarkonferansen i Noreg

Colaboracion

EN ESPAÑOL

Norsk spansklærarforeining ANPE (Asociación Noruega de Profesores de Español) arrangerer sin femte, nasjonale konferanse 19., 20. og 21. november 2015 ved NTNU Dragvoll i Trondheim. Arrangementet er under planleggjing, og vi har alt no gleda av å kunngjere følgjande:

OVERORDNA TEMA FOR KONFERANSEN
Korleis byggje bruer mellom spanskundervisninga på dei ulike nivåa i skulen og ved universitet og høgskular?

 

KONFERANSESPRÅK

  • Norsk
  • Spansk

UTDANNINGSNIVÅ

  • Ungdomsskule
  • Vidaregåande skule
  • Universitet og høgskule

DELTAKING:

Konferansen er hovudsakleg for lærarar i spansk på alle utdanningsnivå og for studentar i spansk på lektorprogram og PPU. Ein treng ikkje vere medlem av ANPE for å delta på konferansen, men medlemmer betaler redusert deltakaravgift.

 INNLEGG:

  • Føredrag: Ved inviterte fagpersonar. 45 + 15/60 minutt.
  • Taller/Verkstad/Workshop: Deltakarane kan bidra med presentasjonar av undervisningsopplegg/didaktiske aktivitetar, erfaringar frå undervisning el.l. Presentasjonane skal ha eit praktisk preg og vare i 45 eller 90 minutt. Opptil tre personar kan vere ansvarlege for same presentasjon, men kvar deltakar kan berre bidra med éin “taller”.
  • Innlegg: Deltakarane kan bidra med innlegg som presenterer forskingsresultat, refleksjonar over didaktiske, språklege eller kulturelle sider ved spanskundervisninga i Noreg, eller faglege ressursar dei har utvikla sjølve. Innlegga skal vare i 20 + 10/30 minutt. Opptil to personar kan vere ansvarlege for same innlegg, men kvar deltakar kan berre bidra med éitt.
  • Praktiske døme: Deltakarane kan bidra med korte, praktiske presentasjonar av gode døme frå eiga undervisning. Presentasjonane skal vare 15 + 5/20 minutt.

PÅMELDINGSFRISTAR:

Nettsidene til konferansen vil om kort tid bli publiserte med eit elektronisk påmeldingsskjema.

  • Frist for å sende inn innlegg/taller/presentasjon: 1. september
  • Frist for påmelding til konferansen: 15. oktober.

PUBLISERING:

  • Føredrag, “talleres”, innlegg og praktiske døme blir publiserte på RedEle i tråd med retningslinjene som vil bli lenka til nettsidene til konferansen. Konferansespråka er norsk og spansk, men det er likevel ønskjeleg at alle publikasjonane er på spansk.
  • Materiale i Powerpoint, Prezy, videoar og andre format blir publiserte på ei eiga nettside ved ANPE, men ikkje på RedEle.

Lenke til andre konferansar i regi av ANPE – FIAPE

Los comentarios están cerrados.