Stipend. IV CONGRESO INTERNACIONAL DEL ESPAÑOL…

CaptureDen norske spansklærarforeininga (ANPE) kan gi stipend til inntil 10 medlemmer som vil ta del i IV CONGRESO INTERNACIONAL DEL ESPAÑOL INNOVACIÓN, TECNOLOGÍA Y COMUNICACIÓN EN ESPAÑOL i Salamanca (Spania) 6. – 8. juli 2016. Meir informasjon om kongressen: http://www.congresoele2016.com/

Stipenda:

Til saman 10 stipend som dekkjer påmelding til kongressen (50 euro for studentar eller 100 euro for lærarar som er medlemmer av ANPE).

Krav til stipendmottakarane:

  • Dei må vere medlemmer av ANPE og ha betalt medlemspengane for 2016
  • Dei må sjølve melde seg på og betale avgifta til kongressen
  • Stipenda blir gitt til dei 10 første som legg fram påmeldingsskjema for ANPE
  • Stipenda blir utbetalt når mottakaren legg fram for ANPE kvittering for påmeldingsavgifta

Spørsmål kan rettast til anpedireccion[at]ub.uio.no

IH 😉

Etiquetado , , , , , .Enlace para bookmark : permalink.

Los comentarios están cerrados.